G11 vann siste kampen

Publisert av:
1/10/2010 06:48

Dette var den siste kampen i sesongen, og det gjorde godt å reisa heim med siger 8 – 3. Dermed har laget vunne dei siste tre kampane.

Denne kampen er ein av dei beste kampane laget har spelt i år. Spelarane prøvde å spela saman og lukkast i store delar av kampen. Berre ei dyktig jente i midtforsvaret til Ådlandsfjorden hindra langt fleire mål.

Desse spelte: Henrik Epland, Robert Støle, Benjamin Tho, Olai Hollekim, Jakob Lande, Håkon Knudsen, Ludvik Dalland 5, Erik Enes og Alf Inge Stue 3.

 
Spelarane på G 11 er ein ivrig og flott gjeng å trena. Frammøte og innsatsen på treningane har vore svært god, og det synest som dei trivst i lag. Det er også kjekt å registrera at foreldra er flinke å stilla opp.