G 16: Sædalen 2 – Njardar/Tysnes

Publisert av:
19/9/2016 11:35

11 spelarar var med då Njardar/Tysnes reiste til Kringlebotn for å spela mot Sædalen 2. Skadar og anna fråvær gjorde at forsvaret måtte komponerast på nytt. Likevel klarte heile forsvaret seg godt. I mål har Knut Jørgen hatt ei fin utvikling i år, og mot Sædalen redda han laget frå eit større nederlag.

Stillinga etter første omgang var 0 – 0. Sædalen hadde eit overtak, men det vart stort sett ein stillingskrig på midtbanen. I andre omgang sette Sædalen inn spelarar frå førstelaget, og i løpet av fem minuttar stod det 3 – 0. Njardar/Tysnes yppa seg føre mål, men den siste avslutninga sat ikkje. Njardar/Tysnes sitt mål kom etter corner frå Remy som Simen heada nydeleg i mål. Sluttresultatet vart 5 – 1. Sædalen 2 var det beste laget. men Njardar/Tysnes burde hatt fleire mål.

Desse var med. Knut Jørgen Nesland, Sjurd Pedresen, Sjur Håvik, Einar Stikholmen, Kristoffer Rojas, Isak Enes, Jakob Ljones, Simen Fosså, Remy Gundersen, Kenneth dalland og Emre Hagen.,

Helge Hauge