Fyrste siger
26/4/2009 21:05
A-laget noterte seg for sesongens fyrste siger då dei slo Gneist 3-2 på Liland kunstgras i dag.
Njardar hadde det meste av spelet, men to minutt før pause scora Gneist etter corner. Njardar svara umiddelbart med ein susar av Robert Grønvoll frå 20 meter der ballen sat klistra i vinkelen.
Utover i 2.omgong produserte Njardar mange sjansar, men utan utteljing.
Midtvegs i omgongen drog domaren opp det raude kortet to gonger, eit til kvart av laga. Gneist gjekk så opp i 2-1 leiing, men Njardar gav seg ikkje og reduserte – nok ein gong eit perle av eit langskot frå Robert Grønvoll.
Kvarteret før slutt drog domaren opp det raude kortet for tredje gong, denne gong kun til Gneist, som dermed måtte avslutta kampen med ni mann.
Dette utnytta Njardar, då Christian Frugård glei gjennom og plasserte ballen nede til side for keeper og fortent 3-2 siger.
Desse var med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Eivind Skorpen, Knut S. Gjerstad, Ronny Hagen, Gunnar Hansen, Nils E. Hansen, Torbjørn Onarheim, Vidar Storsætre, Christian Frugård, Roy I. Korsnes, Helge Flornes, Raymond Epland.