Fyrste artistslepp til Tysnesfest 2020
15/7/2019 16:00
TIX kjem til Tysnesfest 2020!
Tysnesfest 2019 er over, ingen rekneskapstal er klar enda, men det ser verkeleg lovande ut! Publikumsrekord torsdag, full hamn, full camp, full Podtown. Alle piler peiker oppover, så me kjører i gang med fyrste artistslepp allereie no!
Rekordmange earlybirdbillettar blir lagt ut i dag klokka 18.00, og me veit det sit mange klar for å bestilla!
TIX har bana veg for ein heilt ny musikksjanger som blir meir og meir annerkjent. Du kan oppleva han på Tysnesfest 2020!
Me har allereie starta bookinga for neste år, og det svært kjekt å kunna annonsera at Andreas Haukeland bedre kjend som TIX er klar for Tysnesfest 2020!
Andreas valgte artistnamnet TIX fordi han har diagnosen Tourettes Syndrom. Som han sjølv seier: «TIX ble kallenavnet mitt på ungdomsskolen fordi folk la merke til ticsene mine. Jeg tok eierskap over navnet og brukte det som artistnavn.»
TIX er mannen bak superhits som «Sweet but psycho» (Ava Max) og «Game Time» (Flo Rida) i tillegg til alle hitsa han speler sjølv.
Den siste hiten «Jeg vil ikke leve» har allereie nådd meir enn 5 millionar streams på Spotify.
Gled deg til å oppleva han laurdag 11. juli 2020!