Fyr i bil

Publisert av:
25/8/2009 20:17

Ein nyare Peugot tok fyr i motoren i ettermiddag på Reiso.

Fyrst vart eit lite brannslokkingsapparat sprøyta på til lita hjelp. Til all lukka kom ein lastebil forbi som hadde eit stort brannslokkingsapparat og som vart spylt mot bilen og brannen vart sløkkt. Bilen vart henta seinare på kvelden.

Etter det Tysnesingen kjenner til kom ikkje bileigar, som var i bilen då det tok fyr, til skade.