Fylkesmannen vert Statsforvaltar
3/1/2021 09:42
Frå 1. januar 2021 vart namnet Fylkesmannen endra til Statsforvaltaren.
Regjeringa har bestemt at det skal vera eit kjønnsnøytralt namn, og med Statsforvalter vert det tydelegare at dette er staten sin regionale representant.
Oppgåvene Statsforvaltaren utfører vert dei same.
Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegner av departementa, kontrollerer verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak.
Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.
Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Du kan lesa meir på Statsforvaltaren i Vestland.