Publisert av:
13/1/2009 07:41
Full stopp
Det var i morgontimane måndag då Godøysund Ekspressen kom med skuleelevane til Os at skyssbåten fekk problem.
– Vi fikk deler av en stol fra en båt som lå og fløt ved havnen i propellen. Jeg kontaktet Os brannvesen og de kunne heldigvis komme med dykker og få fjernet det, seier eigar av Godøysund Ekspressen, Ole Bjarne Strønen til RadiOs.no.
Det ligg mykje rask og flyt i hamnebassenget på Os, og dei har kjent stormen godt der nord siste dagane.