Full sal på folkemøtet i Grendatun i kveld

Publisert av:
2/6/2015 19:23

Signe Eikenes frå Statens Vegvesen fortalte siste nytt, og gav status om planprosessane rundt framdrift mot nye E39 Stord – Os.

Signe forklarte korleis fire hovudalternativ til trasear var blitt korta ned til 2, men med ein del opne løysingar på dei to hovudtraseane. Tekniske avgrensingar og omsyn til naturen hadde vore styrande her. 

Dei ulike bru-løysingane vart gått gjennom. Over Bjørnafjorden er det fleire muligheiter. Flytebru, nedsenka røyrtunnel og ei spesiell hengjebru  er blant alternativa som vert vidare utgreia.

Rådmann Steinar Dalland haldt eit innlegg om kva utvikling ein kan forventa å få med E39 over Tysnes. Den mest positive,  og største pådrivaren for E39 på møtet var ordførar Kjetil Hestad. Han er overtydd om at arbeidet vert starta opp i løpet av få år, og at dette vert eit enormt løft for Tysnes.

Det var veldig mange som kom med spørsmål og merknader på slutten av møtet. Fleire av dei som tok ordet, var bekymra for dei negative konsekvensane ein veg som vert over 23 meter brei vil ha med tanke på bumiljø og naturinngrep.