Fritida til alle barnefamiliar i Tysnes skal kartleggast

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/5/2022 08:04

Invitasjonane til å delta i undersøkinga blir sendt ut med e-post til alle med folkeregistrert adresse i Tysnes og resten av Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år.

Dei føresette vil bli spurd om barn og unge si fritid, si eiga rolle, og om medievanar dei har. Resultatet gir kunnskap som kan legge til rette for betre tilbod, og blir viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga vil vere relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.

Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke alle kommunane i Vestland fylke.

Vil du vite meir om undersøkinga og barnefamiliepanelet sjå vlfk.no/barnefamilie.