Friluftsveka

Publisert av:
12/6/2013 08:21

Måndag hadde me naturstig rundt fotballbanane  og slengdisseskogen. Etter matpausen hadde me idrettsleikar og stafett. Alt i strålande solskin.

Sola hadde me og med oss tysdag, då me var på badetur til Kjevikjo. So og seia alle borna bada både vel og lenge, sjølv om temperaturen ikkje var så høg. Mange fanga krabbar som sikkert har blitt fanga mange gonger før òg. Grillpølsa smaka nok ekstra godt etter ein frisk dukkert.
No får me håpa på fint ver dei siste dagane òg. Men slår vervarslinga til, blir me nok skuffa. Det er meldt regn og regnbyger.