Friluftslivets år 2015

Publisert av:
2/1/2015 17:22

For å markere starten på Friluftslivets år 2015, har Norsk Friluftsliv oppfordra alle ordførarar i Noreg til å sove ute i naturen vinternatta 13.-14. januar – sjølve opningsdøgnet for året. Til no er godt over 100 orførarar på lista over dei som har teke i mot oppfordringa.

Ordførarane på Tysnes, Fitjar, Bømlo og Austevoll har alle takka ja til invitasjonen frå Stord ordføraren. Grunna reise, kjem dei til å sove ute helga før den offisielle opninga av Friluftslivets år 2015.
-Gjeld å ligge først i løypa:-) seier Stord ordføraren.

Ordførar Kjetil Hestad fortel til tysnesingen.no no i ettermiddag at han gler seg, dette kjem til å bli kjempekjekt! Om veiret skulle bli for gale, får me heller finne oss ein brakje eller liknande å søke ly under.

Nøyaktig tid og stad er enno ikkje heilt avgjort. Me satsar på å tenne bål og ha ei god samtale rundt bålet, og eg vonar mange vert med og deltek på arrangementet i lag med oss, seier han.

Han ser fram til ein frisk start på 2015, og vonar dette vil inspirere mange til å kome seg ut i skog og mark oftare. Han ynskjer i alle fall at han sjølv vil verte flinkare til å nytta den flotte naturen vi har rundt oss i 2015.