Publisert av:
23/9/2016 06:10
Frelesearmeen kjem til Tysnes
Kvart år heilt sidan slutten av 1990-talet har Ladegården Korps i Bergen vore ein fast gjest i Tysnes bedehus, der dei har skapt god stemning. Mange frå heile Tysnes har møtt fram og har hatt store glede av desse kveldane med Frelsesarmeen.
No kjem den sprudlande flokken tilbake. Fyrstkomande fredag, 23. september, blir det nemleg “Song- og musikkveld” i Tysnes bedehus, der Ladegården Korps står for heile programmet med song, musikk og andakt. Det er berre å gle seg til ei fin stund i bedehuset. Slike kveldar er sjeldne på Tysnes. I tillegg vert det servert kveldsmat.