Foto-dugnad for Tysnes – påminning
9/7/2012 09:31
Tysnes kommune ynskjer å oppgradera heimesidene med ferske, gode bilete frå heile øya – frå nord til sør, aust til vest, frå fjøra, ja gjerne også under vatn, til dei høgste fjelltoppane. Bileta må også kunna brukast i presentasjonar og trykksaker som kommunen lagar. Bygdanettet stiller med to av dei tre medlemene i arbeidsgruppa som skal gjennomføra fotodugnaden og oppmodar sine medlemer til å bidra aktivt.
Har du liggjande gode, digitale bilete i arkivet ditt, så send inn dei beste av dei (40 Mb pr sending, gjerne fleire sendingar), til: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no
Me ynskjer gode bilete av landskap, ville og tamme dyr, fuglar og fiskar; blomar og insekter; jordbruk, skogbruk, havbruk, sportsfiske og jakt; ulike arbeidsaktivitetar i industri og næringsliv; Tysnesfest, Surhaa Blues, Tysnes rundt, Olsok-feiringa, idrett og friluftsliv, fotballturneringar; ski, orientering, friidrett, riding, vandring, sykling, segling og dykking, hanggliding; kultur, kulturvern, teater, korps, kor, kulturskule, barnehagar, grunnskular, helseinstitusjonar m.m.m.
Hugs å oppgje namnet på fotografen, kvar biletet er teke, kva tid det vart teke og gjerne også namnet på dei personane som er med på bileta.
Det vil verta delt ut tre premiar:
1. premie: 3.000 kroner
2. premie: 2.000 kroner
3. premie: 1.000 kroner
Ein jury på tre medlemer: Vibeke Øxnevad Stoltz frå Tysnes kommune, Karianne Dalland Nesse og Alf Terje Myklebust frå Bygdanettet, vil vurdera bileta, avgjera kva bilete som skal publiserast på nettsidene til kommunen – og bestemma kven som skal få dei tre pengepremiane.
Alle som sender inn bilete vil få kvar sin Tysnes-pins og verta utnemnde til gode Tysnes-ambassadørar.
Send dine bidrag til vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no før 1. september 2012.