Fotballskule på Reiso

Publisert av:
21/6/2010 19:34

Denne veka arrangerer Njardar/Tysnes TINE fotballskule. Dette er for born i alderen 7 – 12 år, og fotballskulen går over tre dagar med om lag tre timar kvar ettermiddag.

I dag måndag var det fyrste dagen. Den starta med lett oppvarming, ein del tekniske øvingar og speling mot mål til slutt. Innimellom var det matpause med frukt og juice.

Instruktørar er damelagsspelarar og tidlegare a-lags spelarar.