Lars Leknes Auran, Erna Solberg og Kristi Pedersen Madsen

Erna Solberg på Tysnes-besøk

Publisert av: May Britt Meland
15/8/2022 21:16

Erna Solberg og Høgre-bussen er i desse dagar på turné. Turnéen starta i Bergen og går sørover langs kysten med ei rekkje stopp. Siste stopp er i Arendal, og Arendalsveka der ho mellom anna skal delta i partileiardebatten.

Søndag 14. august besøkte Erna Solberg Heim behandlingssenter på Hovland. Her vart ho teken i mot av Lars Leknes Auran som er dagleg leiar ved behandlingssenteret. Med på besøket var også ordførar Kåre Martin Kleppe og ordførarkandidat Kristi Pedersen Madsen.

Lars Leknes Auran fortalde om planane og ambisjonane for Heim behandlingssenter. Dei fekk i godkjenning for 30 behandlingsplassar innan rus og psykiatri, og etter planen skulle dei fyrste pasientane komme i september. Grunna regjeringa sine planar om å avvikle ordninga med fritt behandlingsvalg, er no planane satt på vent.