Fotball G 16
21/8/2015 07:47
G 16 laget til Njardar/Tysnes har gjennomgått store endringar sidan vårsesongen, og ei stund vurderte me om laget skulle trekkjast frå serien. Med hjelp av spelarar fødde i 2001 prøver me no å gjennomføra haustsesongen.
Til kampen mot Stord 2 brukte heimelaget spelarar som ikkje hadde spelt kampar tidlegare, og i tillegg fekk andre nye posisjonar på banen. Difor gjekk det som det måtte i byrjinga, Stord 2 leia 2 – 0 før det hadde gått ti minutt og 4 – 0 til pause. Utover i omgangen kom Njardar/Tysnes betre med og spelte seg fram til fleire sjansar.
Andre omgang var jamn og Njardar/Tysnes hadde fleire gode angrep, og etter flott spel reduserte Elias til 1 – 4. På slutten var det litt klabb og babb i forsvaret til heimelaget, og Stord gjekk opp til 5 – 1.
Spelarane skal ha ros for at dei stod på og prøvde å spela fotball. Fleire av dei nye overraska positivt. Sondre stilte sporty opp i mål og gjorde ein god kamp. Bestemann var Elvis.
Desse var med: Sondre Flygansvær, Mattis Utne, Elvis Kalvans, Karl Henrik Helgesen, Sjur Håvik, Sjurd Sandvik Pedersen, Amalie Sørfonn Tysnes, Aleksander Nordal, Viljar Kaldefoss, Elias S. Jordal, Isak Enes, Einar Stikholmen, Remy Gundersen og Kristoffer Rojas.