Fortvila kreps ’72

Publisert av:
8/11/2016 17:05

Som ein lekk i Falturiltu-festivalen på Stord får Tysnes folkebibliotek besøk av forfattar Selma Lønning Aarø og Trio Vest torsdag 10. november kl 1245.
Sjølv om arrangementet er retta mot ungdom, er det ope for alle interesserte.
Gratis adgang.

 

Selma Lønning Aarø sin oppvekstroman “Fortvilet kreps ’72” er like aktuell i dag som då den kom ut. Ei bok om å vera ung og forelska i nokon som er eldre enn deg. Direkte og upolert som NRK-serien SKAM, berre at dette går føre seg medan Madonna herjar på hitlistene, noko ho forresten stadig gjer. Lite endrar seg eigentleg – foreldre som gjer deg flau, trufaste vener og naiv kjærleik – sånt går aldri av moten.

 

Forfattar Selma Lønning Aarø er frå Stord og vann Cappelens konkurranse for beste debutroman med “Den endelige historien” i 1995. Selma har gjeve ut mange bøker for vaksne og barn, og er i haust aktuell med “Hennes løgnaktige ytre”, som tek for seg Anna Munch sin forfattarskap og hennar forhold til Knut Hamsun.

Musikken er ved Trio Vest. Magnus Blom, Jarle Kristoffersen og Grete Hylland frå Stord kulturskule har lang og god erfaring innan alle tenkelege musikksjangrar.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Biblioteka i Sunnhordland og Falturiltu, og er særskild støtta av Nasjonalmuseet og Sunnhordland kraftlag. Fortvila kreps finn du på turné i sju kommunar i november: Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes.