Førjulsmesse i 20 år

Publisert av:
19/11/2014 12:40

Det er Indremisjonen på Tysnes som er arrangør og ein stor komité har førebudd messa i lang tid.

Dette er 20. året på rad at Førjulsmessa vert arrangert og den har vorte eit kjært og populært arrangement på Tysnes i tida før jul.  Jubileet vil verta markert med ma. besøk av dagleg leiar i Indremisjonsamskipnaden Marit Hårklau Ådnanes som også skal halda andakt, og helsing frå Tysnes kommune ved ordførar Kjetil Hestad. Det vert mykje fin song-og musikk desse dagane og også andre innslag.  

Messa er og eit fint samlingspunkt for unge og eldre.  

Som seg hør og bør vert det også åresalg og loddsalg med mange flotte gevinstar. Det vert også dette året salg av varer, heimebakte lefser, graut, kaffimat, bøker og aktuelle produkt frå «SunnBok».

Velkommen fredag og laurdag!