Foredrag om sauehald

Publisert av:
14/2/2013 16:50

16 personar fekk med seg føredraget som tok for seg ulike sider av sauehaldet, men med hovudvekt på avl.

 

Nis Inge Hitland fortalte også mykje om eit heilt nystarta prosjekt: Ny giv for sauehaldet i Hordaland!

Prosjektet er starta av Hordaland Sau og Geit og vert drive i samarbeid med Nortura, Fatland,

Fylkesmannen si landbruksavdeling og Landbruksrådgjevinga. Målet med prosjektet er å få fleire lam til slakt.

 

Han kom også innpå temaet «sjølvgåande sau», som framover vil få meir fokus i avlen nasjonalt.

Aktive lokallag som klarte å få alle inkludert: uavhengig av størrelse og rase på buskapen,

var ein viktig faktor for å lykkast med målsetjingane ein sjølv og laget hadde.