Publisert av: Johnny Helgesen
29/5/2018 16:45
FORBOD MOT HAGEVATNING
Det er meldt om varmt og tørt ver frametter.
Det er innført forbod mot hagevatning for alle abonnentar tilknytt Tysnes Vassverk si vassforsyning. Kvar abonnent kan kun nytta 1 stk. hageslange, ikkje spreiar, for vatning av blomsterbed på kveldstid mellom kl. 21.00 og 23.00.
Forbodet vert innført grunna manglande tilsig i Vågstjødno, og gjeld fram til det kjem vesentleg med nedbør igjen.
Tysnes Vassverk SA