Publisert av: May Britt Meland
22/6/2019 21:35
Flott plassering og ros for god klang
Tysnes skulekorps framførte i dag stykket Malvern Suite under NM for skolekorps brass i Stavanger. I divisjon 2 som korpset deltok i, var det 14 korps som stilte.
Det var ei tøff konkurranse med mange flinke musikantar. Tysnes skulekorps fekk ei flott plassering med 8. plass, noko dei er veldig fornøyd med.
Dei har øvd mykje dei siste vekene, og synast det er kjekt at resultatet vart så bra. Under vurderinga av framføringa kommenterte dommarane spesielt den gode klangen skulekorpset har.
No skal ungdommane, foreldre og sjølvsagt den fantastiske dirigenten Nick Hughes, feira på hotellet. I morgon vert sesongen avslutta med ein tur til Kongeparken før dei tek ein velfortjent ferie.