Flott dugnadsinnsats i Uggdal

Publisert av: Martha Nygård Lande
4/2/2025 13:31

Rydding i 3 timar blir mykje boss.

Både langs vegar og turstiar samlar det seg diverre mykje avfall. Slik var det også i Uggdal, og Uggdal Bygdalag oppfordra bygdafolk til å vera med på dugnad.

Knut Hollekim, Magne Ove Kleppe, Sigmund Høviskeland, Susanna Høviskeland, Svein Kåre og Aase Høviskeland har gjort ein flott innsats og rydda ulike stader i Uggdal. Som ein ser av bileta, blir det mykje avfall.

Ved slike dugnader får ein gratis bossekker på miljøstasjonen og ein får levere gratis.

Oppfordringa frå ein av lesarane på Facebooksida til Uggdal Bygdalag er å ta med seg ein tom pose, når ein er ute og går tur, så kan ein plukke småboss i same slengen.