Publisert av:
14/4/2016 20:43
Fiskelukke på Teiglandsflua
RØFF ( Røde kors friluftsliv og førstehjelp) gruppa på Tysnes var i dag heldige og fekk seg ein flott tur med ein av båtane til Lerøy. Turen gjekk til Teiglandsflua.
Sjølv om det var litt ruskete vér, var stemninga og humøret på topp.
I dag var dei heldige og hadde fått med seg Lars Auran som kjentmann og matros, og det lønte seg, for fiskelykke hadde dei i dag!
RØFF Tysnes fortel at ungdomsgruppa i dag har 12 medlemmer som møtast anna kvar veke.
-Og RØFF Tysnes har plass til fleire!