Publisert av: Martha Nygård Lande
10/11/2025 13:08
First Lego League Sunnhordland
For ein dag i Tysneshallen!
Laurdag 8. november var det igjen klart for First Lego League Sunnhordland.
FIRST LEGO League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for born og unge.
FIRST LEGO League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for born og unge.


Tysneshallen kokte – av spenning, kreativitet, samarbeid og ekte meistringsglede! 200 barn og ungdommar deltok i årets FIRST LEGO League regional finale, og minst like mange foreldre, vener og publikum var innom for å heie, juble og vere med på festen.
Stemninga var rett og slett fantastisk – med høg puls under robotkampane, imponerande presentasjonar frå laga og mange gode møte mellom folk i alle aldrar.
Ein stor takk til alle deltakarar, frivillige, dommarar, veileiarar og publikum som gjorde dette til ein skikkeleg festdag for teknologi, samarbeid og skaparglede.


Tekst og bilete: First Lego League Sunnhordland