First Lego League i Tysneshallen
8/11/2023 14:28
Fyrstkomande laurdag, 11. november, brakar det laus i Tysneshallen.
Då blir Sunnhordland sin største teknologi- og innovasjonskonkurranse for born og unge, First Lego League, arrangert.
20 lag frå Sunnhordland og Bjørnafjorden deltek i konkurransen og det kjem lag frå Stord, Tysnes, Kvinnherad, Bømlo, Fitjar, Samnanger og Bjørnafjorden.
På programmet står presentasjonar av arbeid ungdommane har jobba med på skulen gjennom 8 veker, robotkonkurransar, konsert med stjerneskotet Lavran og sjølvsagt kåringar og premieutdeling.
Vinnaren av den regionale konkurransen får delta i den nasjonale konkurransen som i år blir avholdt i Mo i Rana.
Om First Lego League Sunnhordland
FIRST LEGO League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for born og unge, og blir arrangert kvart år i over 100 land over heile verda. I Noreg vert FIRST LEGO League arrangert i om lag 25 byar/stadar. Konkurransen har som mål å inspirera born og unge til å verta morgondagen sine ingeniørar, forskarar og problemløysarar, og auka interessa for realfag, teknologi og innovasjon.
Frå 16. september jobbar elevane i 8 veker med årets tema der dei må definere ein eigen problemstilling og komme opp med ulike løysingsforslag. Samtidig skal ein Lego Spike robot pogrammerast for å utføre ulike oppgåver.
I løpet av prosjektperioden vil deltakarane oppleva utforskartrang og skaparglede, setje eigne idear ut i livet og læra seg å programmera. Kjerneverdiane til FIRST LEGO League er vikige gjennom heile perioden og desse er: oppdaging, innovasjon, innverknad, inkludering, lagarbeid og moro.
Om turneringsdagen
Me samlar om lag 400 born og unge frå heile Sunnhordland, pluss eit stort antal foreldre, representantar frå næringslivet og politikken. Ved å samla skulane i Sunnhordlandsregionen om eit felles prosjekt skaper me gode relasjoner og nettverk på tvers av skulane i dei ulike kommunane og bygdene, samtidig som me knytar sterke band mellom næringslivet og skulane.
Klikk her; First Lego League, for meir informasjon om programmet, tidspunkt for dei ulike skulane sine framsyningar, kven som er i dei ulike dommargruppene og tidspunkt for robotkampar.