Fine forhold for segling

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/8/2021 10:39

I går, laurdag 31/7, hadde Båtlaget Njord/Tysnes treningsregatta.

Det var fine forhold for dei fire båtane som deltok. Det vart gjennomført 4 seilasar.

 

Neste helg, 6. – 8. august, skal det være NM for oselvar. Det er Milde Båtlag som er arrangør i år.

Frå Tysnes er det 2 båtar som vert med. Det er “Berserk”, med skipper Jan Vee. Som mannskap har han med seg Jan Malmin Hansen og Eline Teigland Bakke.

Den andre båten er “Knuppen”, med skipper Lars Grøteide. Som mannskap har han med seg Elin Flatråker og Synnøve Halvorsen Malkenes.