Finaledag i Tysnescup
6/7/2014 20:40
Tekst og foto: Askild Gjerstad
Finaledagen var sundag, og alle dei frammøtte fekk oppleva mange høgdepunkt.
Nesten: Wibeke Bakkane Skorpen med eit godt skot som nesten gjekk i mål for HSD i semifinalen mot Lyngbø Young Girls.
Sigersrus: Spelarane på Feige Lag smiler etter ein overraskande, men fortent 3-1 siger mot Red Stars i 8. delsfinalen i klassen for sårbeinte menn.
Talentspeiding: Dei gamle Njardar-heltane Arne Kleppe, Helge Olav Instøy og Arnt Birger Vik med eit kritisk blikk på den nye generasjonen sårbeinte fotballspelarar.
Ballerina: I klassen lettbeinte kvinner gjorde Fotballerinas reint bord. Ikkje berre vann dei finalen, dei tok også heim den gjeve Fairplay-prisen.
Veteranar: Tidlegare spiss på Florvåg og Askøy i 3. divisjon, Stian Nesse (i blått), har vore med å prega Tysnescup saman med laget sitt Kristoffer United sidan oppstarten av cupen i 1997. I fjor vann Kristoffer United klassen for sårbeinte menn, i år måtte dei sjå seg slått av fitjarlaget Blue Oyster Boys i semifinalen.
Siste reis: Teltgjengen har vore eit fargerikt innslag på Tysnescup sidan sist på -90-talet. Her takkar ein av dei faste deltakarane i telgjengen, Torolf Kviteberg, for seg for siste gong på Tysnescup.
Baklengsmål: Thomas «Ben Arfa» Tonheim kan ikkje hindra at UnReal Madrid går opp til 4-1 mot VSOP i teltgjengen sin siste kamp i turneringa.
Duell: Ingenting å sei på innsatsen i finalen mellom Ballerinas og Lårhønene i klassen for lettbeinte kvinner.
Tredjeplass: Ein supporter og tre av spelarane til Silver Bullets jublar for bronsemedaljar i klassen for sårbeinte kvinner.
Generalane: Ordførar Kjetil Hestad og cupsjef Nils Eivind Hansen klare for medaljeutdeling.
Straffedrama: Finalen i klasse 2 for sårbeinte menn var jamn og dramatisk. Etter 2-2 etter ordinær tid gjekk kampen til straffar. Bratwurst-keeper Håvard Malkenes redda den siste straffen frå Fitjarlaget Blue Oyster Boys og vart dagens helt.
Mykje på spel: Finalen i klasse 1 mellom Zlatans Artister og Barn av Regnbuen var prega av mange mål og slitne bein etter ei lang turnering på regntungt underlag. Brorparten av spelarane på begge laga har gått idrtettslina på U Pihls-gymnas i Åsane. Brødrene Magnus og Gard Bakke frå Tysnesbygda spelte på kvar sitt lag. Denne gongen var det eldstebror Magnus og Zlatans Artister som trakk det lengste strået og vann 5-2 mot sine yngre motstandarar. Allereie under medlajeutdelinga mumla spelarane på taparlaget om revansje til neste år, så siste ord er neppe sagt…
Vinnar klasse 1 «lettbeinte menn»: Zlatans Artister
Vinnar klasse 2 «sårbeinte menn»: Bratwurst Altludersdorf Sportsfreunde
Vinnar klasse 4 «lettbeinte damer»: Fotballerinas
Vinnar klasse 5 «sårbeinte damer»: Bad Intentions
FC Galanten vann klasse 3 for «Stivbeinte menn», men var ikkje tilstades under medaljeutdelinga.
Sjekk full resultatservice på www.njardar.no