Publisert av: Martha Nygård Lande
22/3/2024 13:00
Fin påskeavslutning i Tysnes Husflidslag
20 personer hadde møtt fram for å lære seg å laga påskekylling.
Teknikken som vart brukt, var nålefilting. Malin Tvedt Petterson var instruktør, og viste korleis ein nålefilter påskekylling. Ho er så flink til å lære i frå seg, seier Lise Marie Spjeld i Husflidslaget. Dette var kjekt, og det var veldig god stemning.
I tillegg til enkel servering og utlodning, fekk Helga Aslaksen og Synnøve Hodneland kvar sin blom, for arbeidet dei har gjort. Dei gjekk no ut av styret. Ny leiar i Husflidslaget er Britt Sørensen Dalsgård.
Heilt overraskande kom Kjetil Totland og Eva Kalgraf, frå Tysnes Teaterlag, også på besøk denne kvelden. Dei hadde med seg ein sjekk på kr 20 000,- som takk for godt samarbeid gjennom alle dei forestillingane som dei har hatt.
I går, torsdag, hadde Ung Husflid avslutning. Denne sesongen har det vore 8 unge og ivrige deltakarar med.
Lise Marie Spjeld seier vidare at det er eit aktivt lag, og dei ynskjer alle velkommen. Ein gong i månaden er det lagsmøter, og her kan du strikka, hekla, sy, eller få hjelp til handarbeid dersom du treng det. Ellers så er det planar om nye kurs til hausten, så det er berre å følge med på annonsering.