Gradvis opning av barnehagar og skular

Publisert av: May Britt Meland
18/4/2020 11:52

Orientering frå Tysnes kommune:

SKULAR OG BARNEHAGAR
Sist oppdatert: 16.04.20, kl. 14:00

Barnehagane er planlagt til å opne planlegg opning, onsdag 22. april.
Dette er to dagar etter den datoen regjeringa har satt for opning av barnehagane. Desse dagane vil personalet nytte til å legge til rette for å ivareta smittevern etter regjeringa sin rettleiar om smittevern i barnehagar, samt i samarbeid med kommuneoverlegen. Regjeringas rettleiar kan du finne her.

Utvida rett til tilsyn for barnehagebarn 20. og 21. april
Arbeidstakarar med samfunnskritiske funksjonar vil få tilsyn til sine barn ved behov. For 20. og 21. april vil me ha utvida rett til tilsyn for dei som har særskilt trong for det.
Førespurnader om tilsyn vert handsamma av kommunen gjennom kommunal kriseleiing og kan meldast per e-post:
korona-beredskap@tysnes.kommune.no

Skulane
Regjeringa vil opne skulane for elever på 1. til 4. trinn og SFO frå 27. april. Me vil kome tilbake med meir informasjon om korleis opninga vert gjennomført.

Sjå meir informasjon frå Regjering om opninga av samfunnet her.