Filmkveld i Solheimsdalen

Publisert av:
3/9/2016 11:51

Filmen er tatt opp sommaren 1961, i tillegg til lysbilete frå 60-talet (inklusive bilete frå Onarheim og Flatråker) og fram til eit nyleg droneopptak av gardsbruka i Solheimsdalen. Filmen vil fyrst og fremst ha interesse for dei som har ei eller anna tilknyting til dalen, men vil også kunne fengja dei som har ei generell interesse for nyare lokalhistorie.

Filmen varer ein halvtime, og vert vist kl 18. og 19. Dette er også ein mogelegheit for dei som enno ikkje har sett museet. 100 kroner i inngongspengar (for vaksne) inkluderer kaffi /te og noko å bita i. Det vert høve til å kjøpa med seg sitt eige eksemplar på dvd eller usb-format.

Filmen blir vist på vanleg TV-skjerm og det er avgrensa kor mange det er plass til. Påmelding sms tlf 48 14 82 82.