“Ferjene våre”

Publisert av:
25/11/2008 22:13

Til Sundagsakademiet 23.november hadde Tysnes sogelag invitert ferjeentusiasten Otto Ersland.

Ersland har skrive bøkene “Dei fine ferjene” og “Frå krigsskip til flaggskip”, og søndag snakka stordabuen om noko me alle har eit forhold til – nemleg ferjene våre.

Me har skrive om boka “Dei fine ferjene” her på Tysnesingen før, og det er ei knakande god bok som absolutt bør vera i kvar ein heim på Tysnes!

På Sundagsakademiet snakka Ersland om, forutan ferjer og rutetider, også kva det vil seia å vera frå Sunnhordland – kva bygdene og landsdelen har av felles historie og kultur. Han sa og litt om kva utfordringar som ligg framom oss.

Alle bilete: Ivar Hansen