Ferja har fått namn…

Publisert av:
7/10/2010 12:54

Det er Bladet Tysnes som i dag skriv at FosenNamsos Sjø har bestemt at den nye gassferja som skal over Bjørnfjorden frå nyttår skal heita “Selbjørnfjord”.

– Me hadde ynskje om at namnet skulle ha tilknyting til det geografiske området ferja skal operera i. Men Bjørnefjord-namnet var oppteke. Då vart det Selbjørnfjord som er i tilknyting til Bjørnefjorden og som me reknar som ein del av operasjonsområdet vårt, forklarar selskapet til Bladet Tysnes.