Fekk mange gode friar-tips

Publisert av: May Britt Meland
20/6/2021 10:52

Det vart ei fantastisk oppleving for både små og store då vandreteateret “Eventyr i parken” kom til Tysnes. Laurdag hadde dei forestilling fyrst på Årbakka Handelstad og så på Haaheim Gaard.

Eventyr i Parken er eit teaterkompani som gjennom ulike arrangement og happeninger ynskjer å skapa utandørs kulturopplevingar for små og store. Gruppa består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna.

I framsyninga av  “Revenka” vart publikum invitert til å delta.
Mikkel Rev som endelig har tenkt å fri til den stakkars Reveenka, trong hjelp. For Mikkel Rev har aldri fridd før, og han veit heller ikkje så mykje om kva som er lurt å gjere om du vil at nokon skal bli glad i deg.

På Årbakka var forestillinga fullbooka med 30 personar. Alle storkoste seg, og synast dette var skikkelig gøy!
Borna ( og dei fleste vaksne og), song med på songane og var ivrige med forslag nå Mikkel Rev spurde dei om korleis han skulle gå fram for å fri til Revenka.

 

 

 

Alle foto: Rebekka Høgestøl