Publisert av:
23/5/2013 10:09
Fekk diplom for å hindra brann
I går hadde Ordføraren invitert Anna Olea på 6 år, og heile brannkorpset på kaffi og kake for å heidra deira innsats.
Anna Olea Fjeldet Sunde var invitert fordi ho med rask og korrekt handling klarte å hindra ein brann i å spreie seg i eit utleigenaust. Utruleg nok, og på imponerande vis klarte ho å bere eit brennande laken ut av naustet slik at skadane vart svært små.
Brannfolka vart heidra fordi dei gjer ein særdeles viktig og god jobb. Berre dei siste åra har deira raske responstid og gode arbeid hindra at fleire småbrannar har fått utvikla seg til storbrannar med katastrofale følger.