Illustrasjonsbilete

Fastelavn, morsdag og valentinsdag

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/2/2021 09:02

I dag er det fleire grunnar til å gjere litt ekstra ut av søndagen.

Me kan feire både fastelavn, morsdag og valentinsdag.

Fastelavn kjem av nedertysk vastel-avent, som tyder “aftenen før fasten”. Opprinneleg var altså fastelavn kvelden før askeonsdag, som innleia den 40 dagar langfasten i forkant av påske.

Etter kvart vart fastelavn ei nemning for ein periode på tre festdagar som innleia fasten, nemleg fastelavnssøndag, blåmandag og feitetirsdag.

Heitevegger var nemninga på spesielle fastelavnsboller som i Bergen vart servert varme med smelta smør og sukra mjølk.

snl.no/fastelavn kan du lesa meir om tidlegare matskikker og andre skikker i forbindelse med fastelavn.

Morsdag er ein hedersdag for mødre. Dette er ein forholdsvis ny festdag til ære for mødre over heile verda. I Norge vert dagen feira andre søndag i februar, men den vert feira på ulike datoer i andre land.

Dagen var i byrjinga arrangert av religiøse organisasjoner, men den er seinare gått over til å bli ein familiedag.

12. mai 1908 vart den fyrste morsdagen feira i West Virginia, USA, etter initiativ av Anna Marie Jarvis. Ho ønska å heidre mor si, som saman med andre kvinner hadde arbeida for å betre dei sanitære forholda for soldatane under den amerikanske borgarkrigen (1861 – 1865).

Den fyrste norske morsdagen vart feira i ei metodistkyrkje i Bergen 9. februar 1919.  Du kan lese meir på snl.no/morsdag

Valentinsdag, alle hjerters dag, eller kjærleikens dag, vert feira med gåver eller anna merksemd i form av blomar, konfekt eller kort til den utvalgte.

Bakgrunnen for feiringa av denne dagen, har ulike forklaringer. Du kan lese meir om det på snl.no/valentinsdag.