Publisert av:
27/6/2010 20:11
Fartskontroll i Dallandsbrekko
Lensmann Lorentz Lunde fortel til Tysnesingen at det var mellom klokka 17 og 19 i ettermiddag at det var fartskontroll.
– Det vart skrive ut åtte forenkla forelegg, der høgaste fart vart målt til 70 km/t. I tillegg vart ein bil målt til 81 km/t og her vart førarkortet beslaglagt, seier Lunde.
– Svært mange holdt 60 km/t og det er dermed reduksjonen av fartsona som gjer at dei fleste blir tatt. For generelt sett var det roleg køyring, seier lensmannen.
Lunde seier at fartsnivået har gått ned, men at det vil bli fleire kontrollar framover.