Fantastisk tur
29/12/2014 16:56
Eg hadde ein heilt fantastisk tur på Såto, Lørdag 27/12, min fyrste gang på ski opp dit.
Det var ikkje heilt planalgt at eg skulle gå heilt til topps.
Eg starta frå Solheimsdalen, men når eg kom til Grostølen (Som eg jo hugsa var kjempelangt når me hadde skitur med skulen!) hadde eg ikkje ein gong blitt svulten nok til å ville ete nista mi, så då eg såg skiltet til “Såto 3 km”, og litt veiguiding frå eit par forbispasserande, så bestemte eg meg for å sjå kor langt eg kom.
Eg nådde toppen fint, men var allerede då bekymra for nedturen. Det er et par år sidan sist eg stod på ski altså! Men eg åt nista og drakk kaffien min, som eg hadde gleda meg til.
Eg slapp forbi meg ein ivrig kar på starten av nedturen, for det lugga godt i den blå skismurningen min, så eg både såg og følte meg alt anna enn elegant ut!
Men sidan det var perfekt med nysnø så blei mine knall og fall ikkje så ille som fyrst frykta, og eg kom meg heilskinna ned att ;)
Så takka vera skilting, fleire folk i fjellet som laga løype til meg, så fekk eg meg ein fantastisk fin skitur i flott Tysnes-natur!<3
Tekst og foto: Rebekka Høgestøl