Fann flaskepost frå Solstråleøya!

Publisert av:
26/12/2013 16:14

Flaska vart funne i Harletveitvågen i Sævareid.

Daniel og Isabella klarte å trekkja korken av flaska, og deretter fiska ut innholdet. Her kunne dei lesa at flaskeposten vart sendt i frå ein stad som heitte Solstråleøya. Eit google-søk seinare, så fann dei ut at Solstråleøya er ei øy like utanfor Godøysund, Tysnes.

Brevet ser ut til å vera i frå 2004.

Er det nokon som hugsar at dei har sendt denne flaskeposten? Då er det berre til å senda ein mail til: post@tysnesingen.no