Publisert av:
25/11/2012 18:44
Familiegudsteneste
Uggdal kyrkje var full av små born under familiegudstenesta i dag.
Det var mellom anna utdeling av “Mi kyrkjebok” til 4-åringane i kommunen. Prest Jørgen Knudsen hadde gudstenesta og hadde ein lett og morosam tone med ungane. Han tok dei med på ei lita skattejakt rundtom i kyrkja, noko som fenga godt. Innimellom var det songar som ungane var med på.
I tillegg opptrådde også barnekoret med mange fine songar til applaus for dei mange frammøtte i kyrkja.
Til slutt vart ein og ein 4-åring ropt opp og som kom fram til presten for utdeling av kyrkjeboka.
Etterpå var det mogleg for kaker og saft for dei som ynskte å vera litt igjen etter gudstenesta.