Publisert av:
25/7/2012 07:47
Even 1 år
Tenk at det alt er gått eit år
Du er blitt stor gut og det er ikkje lenge før du går
Du er ein blid liten kar som veit kva du vil
Er aktiv og får det utrulegste til
I dag skal du feirast med kake og song
Kanskje det til og med vankar ein ballong?
HIPP HURRA for godguten vår, me er så uendeleg glad i deg!
Klemmar frå mamma og pappa.
——-
Ein glad liten gut er alt blitt eit år
og no skal han feirast – tru om kake me får?
Den blidaste litle juvèlen me kjenner
som ivrig kjem og vil vera venner
med både bestefar, bestemor og katten med
som blir klappa og rista, og finn seg i det.
Du er ein travel liten arbeidskar
likar å leike på traktor og bil, og er glad når du har
noko å spela på, laga lyd og musikk,
du har mengder av sjarm – som jo er din taktikk
når skøyerstrekar tek ovehand og ugagna blir mange
då er det best å krypa opp i fange’
for kos og klem hos ein av dei mange
som er kjempeglad i deg vår vesle solskinnsgut!
Gratulerer med dagen Even!
Bursdagsklem frå bestemor, bestefar og pusane.
Resten av familien helsar og.