Foto: Tysnesingen.no frå 17. mai 2022

Er du klar til 17. mai feiringa?

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/5/2024 15:54

I morgon er det feiring av Noregs Nasjonaldag og markering av at me fekk vår eigen grunnlov for 210 år sidan. Det er duka til fest i alle bygder.

Det flotte været vi har hatt i det siste, ser det ut for at vi også skal få på nasjonaldagen.

I bygdene rundt på Tysnes vert det, som tradisjonen tru, både tog, talar, leik og moro, og sjølvsagt: pølser, is og kaker!
Alt som høyrer 17. mai til!

Her er litt av det innhaldsrike programmet rundt om i bygdene:

Våge
Salutt kl 07.00
Folketog til Tysneshallen kl 10.00
Kransenedlegging ved Tysnes kyrkje kl 10.20
Program og tale i hallen kl 11.00
Leikar på skuleplassen for born og vaksne kl 12.00
Premieutdeling i hallen kl 13.30

Lundegrend
Flaggheising på Varhaugen kl 08.00
Kransenedlegging ved minnestøtta og 17. mai tog til Vassbakken kl 14.00
Fest i Frilund med tale, underholdning og leikar for små og store kl 15.15
Premieutdeling ca kl 17.00

Onarheim
17. mai frukost på OnarTun kl 09.00
Folketog frå Stølshaugen til kyrkja kl 10.30.
Gudsteneste og kransenedlegging i Onarheim kyrkje kl 11.00.
På skulen vert det tale, undeholdning, leikar og konkurransar frå kl 12.30.
Premieutdeling ca kl 14.30

Flatråker
Mat og ulike leikar og konkurransar ved Flatråker bedehus kl 14.00

Uggdal
Gudsteneste og kransenedlegging i Uggdal kyrkje kl 14.00
17. mai tog frå kyrkja til Tysnes Omsorgssenter og vidare til Grendatun
I Grendatun vert det tale, sal av mat, og leikar for borna

Jensvoll bedehus
17. mai fest med tale, lått og løye, servering av kaker og desserter kl 19.00

 

Tysnesingen.no ynskjer alle ein riktig god 17. mai!

Send oss gjerne 17. mai bilete frå feiringa di på post@tysnesingen.no