Enkel siger
6/9/2009 19:30
Det var ikkje nokon stor forestilling av nokre av laga på Reiso i ettermiddag.
Gjestane hadde minimalt med målsjansar, medan Njardar brann ei rekkje muligheiter.
20 minutt var spelt då Christian Frugård fekk ein stikkar og gjorde ingen feil frå fem meter og 1-0. Like etter slurva heimelaget i midtbaneleddet, og Fana fekk kontra inn 1-1.
Njardar kunne gå til pause med 2-1 leiing då Ørjan Malkenes heada vakkert i vinkelen etter corner.
I 2.omgong produserte Njardar ei mengd med sjansar, men som vart sløst vekk. Det var ikkje særleg rytme i spelet. Likefullt kom det ei scoring, då Ronny Hagen var frampå ein retur frå keeper og dermed velfortent 3-1 siger.
Desse var med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll (Terje Vevatne i 15), Eivind Skorpen (Gunnar Hansen i 30), Knut S. Gjerstad, Håvard Drange (Raymond Epland i 15), Ørjan Malkenes (Nils E. Hansen i 35), Roy I. Korsnes, Thomas Hagen, Ronny Hagen (Tommy Bjørkelund i 15), Christian Frugård (Vidar Storesætre i 20).