Engasjerte unge toppar vallista til Høgre
23/2/2019 10:51
Nominasjonsmøtet til Høgre i Tysnes nominerte torsdag 21. februar lista til kommunestyrevalet i Tysnes 9. september 2019.
På topp på lista, på kumulert plass, står ordførar Kåre Martin Kleppe. Han kom inn i lokal politikken ved valet i 2015, og har gjort ein framifrå jobb som ordførar i inneverande periode. Kåre Martin vist at han har stor arbeidskapasitet og evne til å samarbeida godt både i det politiske miljøet på Tysnes og i Sunnhordland. Høgre i Tysnes er glade for at Kåre Martin ynskjer å gå på ein ny periode, og vonar valet vil gje høve til å byggja vidare på det arbeidet som er starta.
Kristi Sandvik Pedersen er ny i politikken på Tysnes. Kristi er busett i Våge og er student på tredje året ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Elles jobbar ho deltid i barnehagane på Tysnes og hjå Vågen AS. Høgre i Tysnes er strålande nøgde med å ha fått ein ung, kvinneleg kandidat med på laget fram mot valet!
Geir Røssland er ambulansearbeidar på Tysnes, og busett på Årbakka. Geir er vararepresentant for Høgre i kommunestyret og tenesteutvalet i inneverande periode.
Jannike Epland Dalland har vore representant for Høgre i kommunestyret dei to siste periodane, og er i dag leiar i tenesteutvalet. Jannike representerer soleis ein viktig kontinuitet for Høgre på lista. Til dagleg er Jannike å finna blant blomane på Tysnes Blomster og Interiør AS.
Magne Storesætre er murar frå Onarheim med eit stort hjarta for friviljug arbeid. Magne har tidlegare vore representant for Høgre i kommunestyret i fleire periodar.
På heidersplass på lista har Høgre vald Tore Atle Humlevik. Tore Atle har vore representant i kommunestyret i Tysnes sidan 1979, med unntak av ein periode. Han har lagt ned ein enorm innsats i det politiske arbeidet på Tysnes i denne tida, fortener stor takk for arbeidet som er lagt ned.
Leiar i Tysnes Høgre, Torstein Fjeldet Lunde, fortel til Tysnesingen.no at Høgre i Tysnes er godt nøgd med å ha fått på plass ei liste som spenner vidt både i alder, der lista spenner over seks tiår frå 1940 – talet til 1990 – talet, geografisk, med kandidatar frå heile Tysnes, og med god kjønnsfordeling, med 9 kvinnelege og 17 mannlege kandidatar.
-Med denne lista meiner Høgre i Tysnes å ha fått på plass eit lag som vil vera godt rusta til å utvikla Tysnessamfunnet vidare!
Nr. Namn F.år
1 KÅRE MARTIN KLEPPE 1992
2 Kristi Sandvik Pedersen 1997
3 Geir Røssland 1980
4 Jannike Epland Dalland 1968
5 Magne Storesætre 1970
6 Torstein Fjeldet Lunde 1980
7 Bjørn Lande 1967
8 Veronica Lyngstad Skaten 1993
9 Eli Sofie Kathrine Sandvik 1968
10 Henrik Holm Sylta 1983
11 Vidar Storesætre 1993
12 Juliette Hansen Schmidt 1994
13 Elisabeth Hatteberg 1982
14 Sigvard Michael Madsen 1982
15 Trond Hartvig Bakkane 1986
16 Anne Kristi Alfstad 1954
17 Trond Tvedt 1983
18 Aleksander Fauske 1991
19 Frode Aksdal Storetvedt 1977
20 Rune Hystad 1975
21 Kari Lande 1970
22 Øystein Bakke 1971
23 Trygve Steinar Arntsen 1948
24 Ruth Kongsvik Brandvik 1970
25 Kjell Halvard Brekke 1943
26 Tore Atle Humlevik 1950