Illustrasjonsbilete

Endring i vaksinestrategi

Publisert av: May Britt Meland
11/3/2021 13:52

Oppdatering!

I følge Bladet Tysnes blir AstraZeneca-vaksineringa stoppa inntil vidare.

 

Nrk.no melder 11/3, kl 12.16 at “Kommuner over hele Norge stanser nå bruken av vaksinen etter at danske myndigheter skal se om det er en sammenheng med vaksinen og tilfeller av blodpropp.”

 

Tysnes kommune meldte i går, 10.3,  at Astra Zeneca vaksina er no godkjent for bruk til alle over 18 år.

Kommunen reknar med at dette betyr at ein kan tilby vaksine til dei i risikogruppene 3 og 4, altså dei mellom 65 og 84 år, samt dei med særlig høg risiko mellom 18- 64 år, minst 2 veker tidlegare enn fyrst antatt.

Bakgrunn for endringa er at studie viser at vaksine frå Astra Zeneca beskyttar like godt mot alvorleg sjukdom og død hos dei over 70 år, som dei andre vaksinane som er tilgjengelig i Noreg. Derfor anbefaler no FHI at dei tre vaksinane vurderast som likeverdige.

 

Endringar i vaksinestrategi
FHI opnar for å prioritere personer med særlig høg risiko for alvorleg sjukdom ved COVID-smitte, parallelt med vaksinasjonar i gruppe 3 (alder 75 – 84 år).

Det betyr i praksis at ein kan tilby personar med immunsvikt, nyresjukdom, nevrologiske sjukdommar som gir nedsett lungefunksjon, hematologisk kreft, aktiv kreftsjukdom eller organtransplantasjon vaksine på et tidligare stadium.

Kommunen vil derfor sjå at enkelte yngre som lider av disse sjukdommane får tilbod om vaksinasjon samen med aldersgruppa 75 – 84 år.