Ekstrasending på NRK Hordaland
11/1/2015 15:10
I samband med ekstremveret “Nina” som herja i går og i natt, har det lukkast NRK Hordaland å kome i kontakt med Kjetil Hestad. Ordføraren hadde kjørt så langt nord på Tysnes som det er råd for å få mobildekning til intervjuet.
Han fortalde om situasjonen på Tysnes som har vore utan straum og mobildekning sidan i går.
Kommunen er i full beredskap, og for dei som treng akutt legehjelp er det no oppretta tilbod på Sjukeheimen i Uggdal. Kommunen har bemanning 24 i døgnet no for å kunne hjelpe.
Kommunen har også sett inn ekstra bemanning, slik at dei som treng hjelp frå heimehjelpstjenesten får det.
Barnehagar og skular kjem til å halde ope som normalt i morgon. Borna vert oppmoda om å ta ekstra klede på seg, då det kan vere kaldt i lokala grunna straumbrotet.
Alt av tilgjengeleg mannskap hos Tysnes Kraftlag er ute og rettar feil. I tillegg jobbar SKL også med feilretting.
Det er uvisst når ein får att straumen, men dei vonar at dei fleste av tysnesingane får att straumen i løpet av søndagen.
Det er svært mykje rotvelt, men dei fleste av veiane på Tysnes er no opna.
Ordførar Kjetil Hestad oppmodar folk om å fyre godt i ovnen, for dei som kan det, og ta vare på seg sjølve og andre.