Eigenberedskapsveka 2023 er i gang

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/10/2023 09:28

Har du alt du treng for å klara deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november.

Den landsdekkande kampanjen blir gjennomført av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet.

På Tysnes kommune si heimeside kan ein lesa om korleis ein kan verta betre førebudd dersom det skulle oppstå ei krise.

Vi er alle ein del av beredskapen i Noreg

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seie at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle.

 

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

– Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtere det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at me står betre rusta til å kome oss gjennom små og store kriser, seier brannsjef Torfinn Kongsvik.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkje eigenberedskapen sin.

Her kan du sjå kva Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap meiner at alle bør ha heime for å klare seg i minst tre døgn