Eg e bare ein mann…

Publisert av:
17/2/2017 10:05

Og det gjeld ikkje berre ordførar Kåre Martin Kleppe, men ein heil gjeng av song- og musikkglade mannfolk.

På Tysnes kammerkor sin Grendatun-kabaret «Vestlandet i meg» laurdag den 18. mars, skal prosjektgruppa «Kor-karane» framføra Bjørn Eidsvåg-sviska «Eg e bare ein mann». Og alfa-hannen, solisten på denne visa, er ingen ringare enn Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe. Både han og alle mannskoristane har lova at dei gjer så godt dei kan.

Når ordføraren først har fått ordet, så slår han til med nok ein solo litt seinare på kvelden. Denne gongen i lag med Tysnes Kammerkor. «En natt forbi» av bergensaren Jan Eggum er nest sist på koret si speleliste på kabareten. Her syng Kleppe mellom anna: «Min krok er kald med grå gardiner», men det er fordi melankolske Eggum har skrive det. Ordføraren sin krok er både varmare og koselegare.