Dykkergruppa i Båtlaget Njord/Tysnes sitt fyrste organiserte klubbdykk
28/5/2019 21:03
Søndag hadde dykkergruppa i Båtlaget Njord/Tysnes sitt fyrste organiserte klubbdykk på lenge. Dykkergruppa har per no 16 medlemmar, og det var fem dei som var i sving denne søndagen. Alle fem var uti, og sjølv om det ikkje er de beste sikt-forholda på denne årstida, var det kjekt å komme seg under. Vidare var det nyttig å få brukt fasilitetane som er bygd opp i Båtlaget for dykkarane. Her har me blant anna lufttanke-anlegg med kompressor og flaskebank, båten Njord, eigne bodar for dykkarutstyr, det er tilrettelagt for skyljing og vedlikehald av utstyr, og ikkje minst sjølve Båtlagsnaustet som samlingsplass.
12. mai hadde dykkargruppa medlemsmøte der grunnlaget for aktiviteten framover vart sett. Her blei det bestemt at me vil organisere minst ein dykketur i månaden framover.
Tekst: Steffen Opdal