Publisert av: May Britt Meland
28/7/2020 21:40
Dugnadstilskot til lag og organisasjonar
Tiltaka som har blitt satt i verk for å redusera smittefaren for covid-19, har teke vekk deler av inntektsgrunnlaget for lag og organisasjonar i kommunen.
Kommunestyret vedtok derfor 16.06.2020 å sette av kr. 100’ som ei tilleggsløyving for lag og organisasjonar. I tillegg har Tysnes Kraftlag og Tysnes Sparebank gått inn med kr. 100’ kvar. Potten er såleis på inntil kr. 300’ til fordeling.
Kommunen har teke på seg å ta imot og vurdera søknadane på vegne av dei andre aktørane.
Kriteriar for fordeling av midlar og søknadsskjema finn du på Tysnes kommune sine sider her.
Søknadsfrist er 31. august 2020.