Dugnad på Gjerstadkvedno
2/8/2010 06:26
Det er tre år sidan no at dei første planane vart lagde for det gamle kvednhuset på Gjerstad. I mai året etter vart dei gamle hedlene tekne ned og erstatta med plastpresenning. Fredag 30. juli vart nye sperrer reiste og nytt sutak spikra på.
Mykje måtte på plass før presenningen kunne fjernast att. Materialar og folk som ”kunne jobben” måtte skaffast. Og kva med økonomien?
Begge deler viste seg straks å vera i boks. Elling Hornenes Skartveit og Egil Instøy tok oppgåva med materialar og skjering på strak arm – gratis alt i hop. Og til transport og arbeid på Gjerstad stod nye dugnadsfolk klare.
I vinter leita Elling opp høvelege furuer i skogen sin, felte dei og drog dei heim. Og i juni kom Egil Instøy til Hodnaneset med saga si. Sperrer og sutak vart skorne i ein fei, og Elling gjekk i gong med bila for å hogga sperresidene. Klauvene på sperretoppane gjorde han òg ferdige.
Transporten til Gjerstad sytte Oddvar og Olav Helland for, og nokre dagar etter – fredag 30. juli – vart nye sperrer reiste med nytt sutak oppå. Elling H. Skartveit og Mikal Heldal var bygningsfolk medan ein del handlangarar og ”konsulentar” hjelpte til. Heilt skadefritt gjekk det ikkje. Jan Økland måtte sendast til medisinmann etter å ha trødd på ein rusta spikar, men skaden var ikkje større enn at han kom attende til arbeidsplassen etter ei tid.
Ny bordkledning ligg klar for oppspikring. Og så skal det som er brukande av dei gamle hedlene leggast på supplert av hedler frå Hodnaneset som Elling har teke vare på etter takbyte på løa der. Men først må det ein godvêrsperiode til slik at sperrer og sutak kan innsetjast med tjøre.
Ny dør er klar for isetjing, og med tida skal så det innvendige på plass att – kornteine, skaketein og mjølkiste. Så må kvednsteinane og kadlen restaurerast og nytt slok på plass før kulturminnet ved Svevågen kan synast fram for besøkjande.
Det er Tysnes Musèlag, Tysnes Sogelag og eigaren av kvedno, Bernhard Gjerstad, som har vore saman om prosjektet.